Tuesday, January 30, 2007

Vennskap

Kva tenkjer du når du høyrer ordet vennskap, fortel meg no kva du tenkjer, få tankane dine ut, og til ord.
Eg vil så gjerne høyre dine meiningar, kjære venn.

Eg skal no ta deg med på ei reise, ei reise om kor viktig og kor stor betydning venner egentlig har. Denne reisa vil gje oss ein slutt som ingen vil høyre om. Det blir slutt på eit liv, og fortsettelse på eit anna. Dette er ei novelle om vennskap, og korleis det er for eit menneske, når den næraste vennen forsvinn frå jorda.

Sofie og Andra hadde vore venner, heilt sidan dei kunne hugse. Dei visste rettare sagt alt om kvarandre. Dei brukte nesten all fritida si på å vere ilag med kvarandre. Skjedde det noko nytt med den eine av dei, var det alltid den andre som fikk vite det først. Slik var det alltid.
Dei overnatta med kvarandre i helgene, men dei gjor det også i vekedagane, av og til.
Dei to venninnene hadde alltid gått ilag, frå dei gjekk i barnehagen og heilt til den dag i dag. Og no gjekk dei andre året på videregåande. Når dei skulle begynne på videregåande, hadde dei vore samde om lenge at dei skullle gå på den samme skulen og den samme linja. Så no gjekk dei som sagt andre året med allmenn, på den samme videregåande skulen.

Alltid hadde dei prata om alt og ingenting, var det noko nytt som hende, så sa dei det til kvarandre med ein gong, det var liksom aldri noko unntak.
Men i det siste hadde Andrea lagt merke til at det var nokouvanleg med Sofie. Sofie hadde liksom ikkje vore heilt seg sjølv i det siste.
Også prøvde ho å komme på ein måte ho kunne spørje henne kva som var gale, men det klarte ho ikkje.

Så Andrea bestemte seg for at ho berre skulle spørje henne rett ut, kva som var gale fortida. Ho var klar over at det kom til å bli vanskeleg, men ho skulle klare det. Dei hadde kunne prata om alt før, så kvifor skulle det liksom ikkje fungere no? Ho var så uroleg for henne, at ho bestemte seg for å snakke med henne eter skulen.Det var nok det beste,
Skulen var ferdig for dagen og det var på tide å snakke med Sofie, no eller aldri tenkte Andrea.

Andrea gjekk bort til Sofie, spurte forsiktig om ho hadde lyst til å bli med heim til henne slik at dei kunne prate litt. Sofie såg ned i vegen, og sa: Desverre Andrea eg har ikkje tid i dag.
Andrea vart nesten litt skuffa. Ho tenkte med seg sjølv då får eg berre spørje rett ut, her og no, om det går bra.
Andrea såg bort på Sofie og sa: Sofie er du sikker på at det går så veldig bra med deg for tida. Er det noko du vil at eg skal hjelpe deg med, må du berre seie i frå til meg.
Sofie såg ned i vegen igjen. Og Sofie sa: Ikkje tenk på det, eg klarer meg, eg. Det gjer eg alltid, det veit du. Så sprang ho berre av stad utan å seie noko meir.

Den dagen var det kun ein ting Andrea tenkte på, og det var Sofie, ho satt fast i tankane hennar heile dagen. Ho klarte ikkje ikkje å tenkje på noko anna. Det var liksom slått inn i hovudet på henne og tenkinga ville liksom ikkje ta slutt.
Kvelden og natta kom, ho klarte ikkje å tenkje på noko anna enn Sofie. Uansett kor hardt ho prøvde, fekk ho det ikkje til.
Ho var liksom klar over at det kom til å skje noko gale, men kva var ho ikkje klar over. No hadde ho faktisk ikkje lyst å tenkje meir på Sofie, for då var det berre skumle tankar som ho ikkje hadde lyst til å tenkje, som kom fram.

Ho våkna morgonen etter heilt utslitt, av å ikkje ha fått sove nokon ting nesten, av all den tenkinga.

Når ho kom ut av rommet, høyrde ho at telefonen ringte nede i gangen. Det var ein hylade lyd. Ho sprang for å ta den.
Det var mora til Sofie, det var ei alvorlig stemme som kom ut i frå røyret. Andrea vart redd, fordi ho var klar over at det var Sofie ho skulle seie noko om.
Mange tankar surra rundt i hovudet til Andrea no. Mora til Sofie sa med ei roleg, svak og trist stemme. At i dag når ho skulle vekke Sofie, låg ho i senga i ein kjempe stor blodpøl.

Det som Sofie hadde gjort var å ta sjølvmord, ved å kutta over pulsåra. Mora sa at ho ikkje visste av ein einaste grunn til at Sofie skulle gjere noko slikt.
Var det verkeleg ekte det som hadde skjedd. Var det mulig at ei så grei jente som Sofie skulle ha ein grunn for å kunne ta livet av seg.


Kvifor skulle eit vennskap gå i oppløtsning på ein slik måte?
Kvifor måte dette skje?
Kvifor skal ein miste ein venn på ein slik måte?

Sofie hadde skreve ein lapp til Andrea, der det stod:

”Men hugs ein ting Andrea, eg levde for deg, men døde for meg.
Eg skal sitte i himmelen og sjå ned på deg, eg kjem til å savne deg.
Savner deg allereie.
Du min bestevenn, Andrea.
Glad i deg.”

Det er ein ting her i livet vi ikkje klarer å leve utan, det er vannskap og kjærleik!
Ein ting som ikkje Sofie klarte å gjere var å vise sin vennskaplege kjærleik til Andrea, den siste tida ho levde.

Dette er en ting alle vi mennesker må hugse på å vise til ALLE mennesker. Vi må bry oss om kvarandre, det er det som betyr noko her i livet.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home